PROGRAMOMRÅDE FOR AKTIVITØR
LÆREPLAN I FELLES PROGRAMFAG VG2
Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 11. januar 2007 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.
Gjeld frå 1. august 2007.
Føremål
Aktivitet og opplevingar er viktig for menneske i alle aldrar. Forandringar i samfunnet, sjukdom, skade eller alder gjer at mange menneske har problem med å finne seg til rette i skole, arbeid og fritid. Aktivitørfaget byggjer på det friske og reparerbare i mennesket. Aktivitørfaget skal medverke til å tilretteleggje tilbod for ulike brukarar slik at dei kan oppnå meistring, meining med og innhald i livet. Opplæringa skal leggje grunnlag for kompetanse til å arbeide i institusjonar og organisasjonar som driv ulike former for aktivitet for alle aldersgrupper. Programfaga skal medverke til forståing av kva helse og miljø har å seie.
Programfaga skal medverke til kunnskap om aktivisering av ulike brukargrupper gjennom fysisk og sosial aktivitet, daglege gjeremål, nettverksbygging og kunst- og kulturaktivitetar bygde på handverkstradisjonar. Opplæringa skal utvikle forståing for estetiske problemstillingar knytte til ulike kulturar, urfolk, tradisjonar og trendar. Opplæringa skal medverke til utvikling av kreativitet i yrkesutøvinga og evne til kritisk refleksjon, respekt for eige og andres fagarbeid og medvit om yrkesetiske problemstillingar.
I opplæringa skal det leggjast vekt på tilrettelegging av aktivitetar og praktisk og skapande arbeid med materiale, reiskapar og teknikkar som er relevante for aktivitørfaget. I tillegg skal det leggjast vekt på kunnskap om administrering av aktiviseringsarbeid og grunnleggjande krav som blir stilte til profesjonell yrkesutøving på fagområdet.
Struktur
Programområde for aktivitør består av to programfag. Programfaga utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.
Oversikt over programfaga:
Årssteg |
Programfag |
|
Vg2 |
Aktiviseringsfag |
Administrasjonsfag |
Omtale av programfaga
Aktiviseringsfag
Programfaget omhandlar heile aktiviseringsprosessen. Denne omfattar pedagogiske metodar for planlegging, tilrettelegging og gjennomføring av aktivitetar, og kvalitetssikring og dokumentasjon. Programfaget omhandlar ulike aktivitetar, samhandling mellom brukarar og samarbeidspartnarar, og produktutvikling og konkretisering av ein idé og bestilling etter dei behov brukarane har. Gamle og nye handverksteknikkar, sosiale, fysiske og kulturelle aktivitetar og tilretteleggingsprosessar inngår. Oppbygning og utvikling av, og delfunksjonar og funksjonsnivå hos mennesket, fysisk, psykisk og sosialt, og ulike sjukdommar, er sentralt. I programfaget inngår etiske problemstillingar, kommunikasjon og rettleiing.
Administrasjonsfag
Programfaget dreier seg om administrasjon, kvalitetssikring og dokumentasjon av utøving av aktivitørfaget. Det omfattar planlegging av og målsetjing for aktiviseringsarbeidet, samt kommunikasjon og presentasjon av moglegheiter innan aktivisering og produksjon. Å skrive rapportar, føre statistikk, skrive søknader og bestillingar, samt møteleiing inngår i faget. Programfaget omhandlar forholdet mellom praktisk arbeid, marknad og økonomi. Tradisjonar, særpreg og avgrensingar som gjeld aktiviseringsarbeidet, inngår i programfaget.
Timetal
Timetal er oppgitt i einingar på 60 minutt.
Vg2
Aktiviseringsfag 337 årstimar
Administrasjonsfag 140 årstimar
Grunnleggjande ferdigheiter
Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I aktivitørfaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:
Å kunne uttrykkje seg munnleg i aktivitørfaget inneber å kommunisere med brukarar, pårørande og kollegaer. Det inneber å gi informasjon om arbeid og aktivisering i tverrfaglege team, og å motivere og rettleie brukarar i aktiviseringsprosessar.
Å kunne uttrykkje seg skriftleg i aktivitørfaget inneber å formidle eigne meiningar, vurdere og kvalitetssikre arbeidsprosessen. Det inneber å bruke eit visuelt språk gjennom illustrasjonar, skisseteikningar og symbol.
Å kunne lese i aktivitørfaget inneber å innhente informasjon om brukarar, forstå faglitteratur, lovtekstar og plandokument, og å finne eigna litteratur for lesing saman med eller for brukarar. Det inneber å lese og forstå symbol og illustrasjonar.
Å kunne rekne i aktivitørfaget inneber å føre rekneskap, rekne ut vekt, volum, mengd, kalkulere pris og utarbeide statistikk og diagram.
Å kunne bruke digitale verktøy i aktivitørfaget inneber å kommunisere, formidle og innhente informasjon til bruk i faglege nettverk og dokumentasjon og kvalitetssikring av eige arbeid. Å bruke digitale verktøy inneber også arbeid med aktiviserings- og opplæringsprogram.
Kompetansemål
Etter Vg2
Aktiviseringsfag
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
· konkretisere og grunngi idear og val av aktivitetar tilpassa fysiske, psykiske og sosiale føresetnader hos ulike brukarar
· gjennomføre og vurdere aktiviseringsprosessar
Administrasjonsfag
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
Vurdering
Vg2 aktivitør
Føresegner for sluttvurdering:
Standpunktvurdering
Programfag |
Ordning |
Aktiviseringsfag Administrasjonsfag |
Eleven skal ha ein standpunktkarakter i kvart av programfaga. |
Eksamen for elevar
Programfag |
Ordning |
Aktiviseringsfag Administrasjonsfag |
Eleven skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen der dei felles programfaga inngår. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. |
Eksamen for privatistar
Programfag |
Ordning |
Aktiviseringsfag Administrasjonsfag |
Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i kvart av programfaga. I tillegg skal privatisten opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen der dei felles programfaga inngår. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. |
Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.