LÆREPLAN I BØKKARFAGET
VG3 / OPPLÆRING I BEDRIFT
Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 12. februar 2008 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.
Gjeld frå 1. august 2008.
Føremål
Bøkkaren lagar fat, tynner og anna stavarbeid i tre. Bøkkarfaget medverkar til å ivareta deler av kulturarven og skal gjennom vedlikehald, reparasjon og produksjon av ulike bøkkararbeid i tre medverke til å dekkje etterspørsel etter produkt der treverket sine eigenskapar vert utnytta.
Opplæringa skal medverke til å ta vare på handverkstradisjonar i bøkkarfaget. Opplæringa skal leggje grunnlag for utvikling av evne til å sjå samanheng mellom materialbruk, arbeidsmåtar og funksjon ved aktuelle bøkkarprodukt. Opplæringa skal stimulere evne til produktutvikling bygd på tradisjonelle materialar og metodar.
Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittel er bøkkar.
Bøkkarfaget består av to hovudområde. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.
Oversikt over hovudområda:
Årssteg |
Hovudområde |
|
Vg3 / opplæring i bedrift |
Produksjon |
Reparasjon og vedlikehald |
Hovudområdet omfattar berekning, konstruksjon, forming av materialar og framstilling av bøkkarprodukt. Kunnskap om og erfaring med ulike materialar, bruk av tradisjonelle verktøy og ulike arbeidsmåtar inngår i hovudområdet. Helse, miljø og tryggleik inngår også i hovudområdet.
Hovudområdet omfattar vurdering av materialar, deira fysiske eigenskapar og styrke. Ulike typar tetting og utskifting av materialar inngår i hovudområdet. Hovudområdet omfattar også restaurering av bøkkarprodukt der det vert teke omsyn til kultur- og stilhistorie.
Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I bøkkarfaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:
Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i bøkkarfaget inneber å bruke fagspråk i kommunikasjon med kollegaer, kundar, leverandørar og andre samarbeidspartnarar.
Å kunne lese i bøkkarfaget inneber å forstå og bruke faguttrykk, arbeidsteikningar, manualar, brukarrettleiingar, faglitteratur og beskrivingar i arbeidet.
Å kunne rekne i bøkkarfaget inneber å rekne ut pris, vekt, volum, mengd, vinklar, storleikar, styrkeforhold og tid. Det inneber også å vurdere forhold mellom form, funksjon og kvalitet.
Å kunne bruke digitale verktøy i bøkkarfaget inneber å hente informasjon, arbeide med form og utvikle handverksprodukt. Det inneber vidare å delta i faglege nettverk og dokumentere eige arbeid.
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
· planleggje og gjennomføre produksjon av eige bøkkararbeid
· lage og bruke arbeidsteikningar for produksjon av bøkkarprodukt
· rekne på kostnader og materialar ved eigen produksjon
· lage og bruke ulike malar og andre hjelpemiddel
· velje og bruke materialar og verktøy til framstilling av bøkkarprodukt
· konstruere og utforme stav til bøkkarprodukt
· konstruere og utforme botnar ved bruk av aktuelle festemiddel til bøkkarprodukt
· forme materialar til bøkkarprodukt ved bruk av aktuelle kløyve- og sagemetodar
· dimensjonere, lage og setje saman band av tre og metall til ulike bøkkarprodukt
· utføre eigna varmebehandling ved framstilling av bøkkarprodukt
· sortere og velje trematerialar til ulike delar og produkt
· gjennomføre tørking av materialar til produkt ved bruk av ulike tørkemetodar
· konstruere, dimensjonere og produsere stavar, band og botnar med tradisjonelle handverktøy og arbeidsmåtar
· konstruere og tilpasse stavar, band og botnar til ovale bøkkarprodukt
· setje opp og vedlikehalde aktuelle trearbeidingsmaskiner, verktøy og utstyr
· lage og tilpasse nødvendig verktøy for å framstille ulike bøkkarprodukt
· bruke eigna tettemiddel og overflatebehandling til produkt med ulike bruksområde
· gjere greie for bruksområde tjl bøkkarprodukt og for praktisk stell og ettersyn av desse
· gjere greie for og følgje gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
· vurdere og utføre nødvendig reparasjon og vedlikehald på bøkkarprodukt
· vurdere styrke i stavar, band og botnar
· tilpasse arbeidsmåte, hjelpemiddel og verktøy til ulike reparasjons- og vedlikehaldsarbeid
· demontere og montere bøkkarprodukt i tråd med faglege krav
· bruke materialar som er tilpassa bruksområde, krav til kvalitet og styrke på produkt
· skifte ut defekte trematerialar, band og andre delar
· bruke eigna tettemiddel og utføre overflatebehandling tilpassa produkt
· byggje om og endre volum på bøkkarprodukt
· gjere greie for historia og utviklinga til bøkkarfaget
Vurdering
Vg3 bøkkarfaget
Føresegner for sluttvurdering:
Hovudområde |
Ordning |
Produksjon Reparasjon og vedlikehald
|
Alle skal opp til sveineprøva, som normalt skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på fire vyrkedagar. |
Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.