LÆREPLAN I STRIKKEFAGET
VG3 / OPPLÆRING I BEDRIFT
Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 26. februar 2008 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.
Gjeld frå 1. august 2008.
Føremål
Strikkefaget skal medverke til å føre vidare kulturarv og tradisjonar frå husflid og husflidsnæring. Strikkehandverkaren lagar klede, stoff, interiørtekstilar og utsmykking som einskildmodellar og i mindre seriar. I strikkefaget blir det brukt både manuelle teknikkar og reiskapar og moderne teknologi. Strikkefaget skal medverke til å dekkje behova for strikka tekstilar og klede og handverkstenester i samfunnet.
Opplæringa skal medverke til praktisk produksjon av strikka plagg og tekstilar. Opplæringa skal vidare medverke til utvikling av handverksferdigheiter, bruk av verktøy, maskiner og teknikkar og gi innsikt i bruk av ulike materiale i strikkefaget. Opplæringa skal også stimulere til arbeid med trendar og motar, tradisjonar og historie, knytt til eigen produksjon. Opplæringa skal vidare medverke til design- og produktutvikling i nasjonalt og internasjonalt perspektiv.
Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittel er strikkehandverkar.
Strikkefaget er samansett av to hovudområde. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.
Oversikt over hovudområda:
Årssteg |
Hovudområde |
|
Vg3 / opplæring i bedrift |
Produksjon |
Produktutvikling |
Hovudområdet omfattar strikking av klede og tekstilar med vekt på utvikling av nye strikkeprodukt. Det omfattar praktisk arbeid med ulike materiale, teknikkar, verktøy og maskiner. Utvikling og bruk av mønster, tilpassing og montering av strikkeprodukt høyrer også med. Hovudområdet omfattar også forhold mellom marknad, produksjon og design av strikka produkt og tenester. Hovudområdet omfattar i tillegg motar og trendar, historie og utvikling i strikkefaget. Presentasjon og dokumentasjon av eige arbeid, bruk av digitale verktøy og helse, miljø og tryggleik inngår òg i hovudområdet.
Hovudområdet omfattar bruk av skisser, teikningar, mønster, bilete, material- og teknikkprøver, oppskrifter og annan visuell dokumentasjon i praktisk arbeid med design og produktutvikling. Oppbygging, eigenskapar og bruksområde for ulike tekstilmateriale er ein del av hovudområdet. Hovudområdet omfattar også bruk av trendar, motar og tradisjonar i kombinasjon med eigne idear og erfaringar. Kvalitetsvurdering, kostnadsoverslag, kundebehandling og marknadsføring inngår i hovudområdet.
Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I strikkefaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:
Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i strikkefaget inneber å bruke fagspråk i kommunikasjon med kundar og samarbeidspartnarar om klede, tekstilar og strikketenester og om design, arbeidsprosessar, materiale og teknikkar.
Å kunne lese i strikkefaget inneber å forstå og bruke oppskrifter, faglitteratur og annan informasjon.
Å kunne rekne i strikkefaget inneber å konstruere mønster, utarbeide oppskrifter, rekne ut masketettleik, mønsterrapport og krymping. Det inneber dessutan å gi overslag over garnmengd, vekt, styrke, storleik, tidsbruk og pris.
Å kunne bruke digitale verktøy i strikkefaget inneber å hente og spreie informasjon og byggje opp eige fagleg nettverk. Det inneber òg å eksperimentere med form, farge og komposisjon, produktutvikling og produksjon. Vidare inneber det å dokumentere eigne handverksprodukt og tenester.
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
· ta mål og bruke mønster og oppskrifter i strikkefaget
· bruke ulike teknikkar, verktøy og materiale i produksjon av ulike strikka produkt
· strikke og montere funksjonelle og dekorative detaljar på klede og andre tekstilprodukt
· planleggje og utføre strikking manuelt og maskinelt
· tilpasse klesplagg og tekstilar i samråd med kundar
· vurdere heilskap, balanse og snitt i strikka produkt
· montere, presse og forme strikka plagg og tekstilar
· gjere overslag over material- og tidsbruk og pris på eigne produkt og tenester
· bruke fagspråk i kommunikasjon med kundar og samarbeidspartnarar
· bruke digitale verktøy og annan teknologi i strikkefaget
· halde ved like utstyr, verktøy og maskiner
· presentere, dokumentere og vurdere eige arbeid i strikkefaget
· gjere greie for og følgje gjeldande regelverk for tekstilproduksjon
· gjere greie for og følgje gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik i eige arbeid
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
· utvikle idear til produkt og tenester i strikkefaget
· utarbeide skisser, teikningar, arbeidsteikningar, mønster og oppskrifter
· beskrive oppbygning, eigenskapar og bruksområde for ulike materiale og vurdere kor eigna dei er for ulike strikkeprodukt
· eksperimentere med, beskrive og vurdere snitt, form, farge og materiale på ulike strikka produkt
· eksperimentere med, beskrive og vurdere mønstring, tekstur og struktur på ulike strikka produkt
· analysere, kopiere og rekonstruere ulike strikkeprodukt
·
gjere greie
for historie og særpreg, motar og
trendar
i
strikkefaget og bruke dette i eige arbeid
rettleie kundar og gi råd om materiale, fargar,
snitt og mønster
· marknadsføre eigne produkt og tenester i strikkefaget
Vurdering
Vg3 strikkefaget
Føresegner for sluttvurdering:
Hovudområde |
Ordning |
Produksjon Produktutvikling
|
Alle skal opp til sveineprøva, som normalt skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på åtte vyrkedagar. |
Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.