LÆREPLAN I TREBÅTBYGGJARFAGET
VG3 / OPPLÆRING I BEDRIFT
Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 7. mars 2008 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.
Gjeld frå 1. august 2008.
Formål
Trebåtbyggjarfaget har lange tradisjonar og skal verke som kulturberar ved å ta vare på, utvikle og fornye eit tradisjonsrikt handverk. Trebåtbyggjarfaget skal vere med på å sikre berekraftige kystsamfunn og verne kystkulturen ved at trebåtbyggjaren lagar, held ved like, reparerer og restaurerer trebåtar. Faget er ein del av eit maritimt miljø, lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Opplæringa skal leggje vekt på praktisk arbeid med materialar, verktøy og teknikkar og på utvikling av handverksferdigheiter. Opplæringa skal medverke til å verne om det tradisjonelle handverket og leggje grunnlag for innsikt i og forståing for det særeigne ved materialbruken til trebåtbyggjaren. Opplæringa skal også stimulere til formgiving og inspirere til idéutvikling, kreativ utnytting av materialar og konstruksjon og bruk av framtidsretta utstyr.
Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er trebåtbyggjar.
Struktur
Trebåtbyggjarfaget består av tre hovudområde. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.
Oversikt over hovudområda:
Årssteg |
Hovudområde |
||
Vg3 / opplæring i bedrift
|
Teikning |
Produksjon |
Vedlikehald |
Omtale av hovudområda
Teikning
Hovudområdet omfattar kunnskap om forma på båtar uttrykt ved teikning. Hovudområdet dreiar seg om å lage skisser og enkle arbeidsteikningar, manuelt og ved bruk av digitale hjelpemiddel, og å lage modellar av produkt. Hovudområdet omfattar vidare å gjere oppslag av heile eller delar av båtar i full storleik. Hovudområdet omfattar også historia til trebåtbyggjarfaget.
Produksjon
Hovudområdet omfattar bruk av gamle og nye teknikkar, utvikling av ferdigheiter og bruk av materialar, verktøy, maskiner og utstyr. Framstilling av båtar i tre og montering av utstyr og delar høyrer også med. Hovudområdet omfattar i tillegg tekniske løysingar og tilrettelegging av produksjon. Hovudområdet omfattar også overslag over kostnader og pris. Gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik, rutinar for internkontroll og dokumentasjon av eige arbeid inngår i hovudområdet.
Vedlikehald
Hovudområdet omfattar vurdering av behov for vedlikehald, reparasjon og restaurering. Hovudområdet omfattar også praktisk arbeid ut frå behov. Kostnadsoverslag knytt til vedlikehald, reparasjon og restaurering inngår i hovudområdet.
Grunnleggjande ferdigheiter
Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I trebåtbyggjarfaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:
Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i trebåtbyggjarfaget inneber å kommunisere med kundar, kollegaer, leverandørar og andre samarbeidspartnarar om byggjeprosessen. Det inneber å bruke fagspråk i faglege diskusjonar og presentere eige arbeid.
Å kunne lese i trebåtbyggjarfaget inneber å forstå og bruke faglitteratur, arbeidsteikningar og brukarrettleiingar.
Å kunne rekne i trebåtbyggjarfaget inneber å gjere overslag over material- og timebruk, areal og volum og kostnader i samband med produksjon. Det inneber også å bruke geometri, trigonometri, funksjonar og likningar ved teikning og utrekning av enkle konstruksjonar.
Å kunne bruke digitale verktøy i trebåtbyggjarfaget inneber å hente informasjon og presentere eige arbeid. Det inneber også å formgi og teikne trebåtprodukt.
Kompetansemål
Etter Vg3
Teikning
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
· bruke arbeidsteikningar og tabellar i trebåtbyggjarfaget
· gjere oppslag av ulike delar av båten i full storleik
· lage malar ut frå teikning og oppslag
· lage frihandsskisser og enkle modellar som førebuing til produksjon
· velje form og overflatebehandling og grunngi valet ut frå bruksområde og estetikk
· gjere greie for lokale særtrekk ved trebåtbygging og setje desse inn i ein nasjonal og internasjonal samanheng
Produksjon
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
· handtere og lagre trematerialar for aktuell produksjon
· kvalitetssortere og bruke trevirke og anna materiale
· bruke verktøy og teknikkar tilpassa ulike materialar, ergonomi og tidsbruk
· bruke mekaniske og kjemiske forbindingsmetodar tilpassa aktuelle bruksområde
· bruke ulike middel og metodar for tetting
· lage rundholt til ulike formål
· utføre trearbeid i samband med tekniske installasjonar
· halde ved like verktøy, maskiner og utstyr
· utføre overflatebehandling tilpassa material, bruksområde og miljø
· rekne ut kostnader ved eigen produksjon
· gjennomføre og dokumentere arbeid i samsvar med gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik og rutinar for internkontroll
· gjere greie for og rette seg etter gjeldande regelverk for trebåtbyggjarfaget
Vedlikehald
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
· vurdere tilstand og utarbeide vedlikehaldsprogram for trebåtar
· vurdere og grunngi behov for reparasjon og restaurering og beskrive kva arbeidet inneber
· utføre ulike typar reparasjonsarbeid på trebåtar
· utføre vedlikehald tilpassa materiale, båttype og bruksområde
· gjere overslag over kostnader for vedlikehald, reparasjon og restaurering
Vurdering
Vg3 trebåtbyggjarfaget
Føresegner for sluttvurdering:
Hovudområde |
Ordning |
Teikning Produksjon Vedlikehald
|
Alle skal opp til fagprøva, som normalt skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på 15 vyrkedagar. |
Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.