LÆREPLAN I TRESKJERARFAGET

VG3 / OPPLÆRING I BEDRIFT

 

Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 7. mars 2008 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.

 

Gjeld frå 1. august 2008.

               

Føremål

 

Treskjerarfaget har røter tilbake til førhistorisk tid. Faget skal ta vare på og føre vidare tradisjonar frå ulike stilartar. Treskjerarfaget skal vere med på å dekkje det behovet samfunnet har for framstilling, restaurering og rekonstruksjon av treprodukt med utskjeringar og ornament.

 

Opplæringa skal medverke til å utvikle handverksferdigheiter i teikning og skjering av ornament i ulike klassiske stilartar og stimulere til figur- og biletskjering. Opplæringa skal også søkje å utvikle evna til å setje ornament inn i ein større heilskap. Vidare skal opplæringa medverke til forståing for forholdet mellom eigenskapar og bruksområde for ulike materialar. Opplæringa skal også stimulere til kreativitet og forståing for form og komposisjon.

 

Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittel er treskjerar.

 

Struktur

 

Treskjerarfaget består av to hovudområde. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.

 

Oversikt over hovudområda:

Årssteg

Hovudområde

 

Vg3 / opplæring i bedrift

 

 

Produksjon

 

Produktdesign

 

 

Omtale av hovudområda

 

Produksjon

Hovudområdet omfattar tilverking av ulike trematerialar og bruk av ulike handverksteknikkar. Hovudområdet inkluderer skjering av ornament i klassiske stilartar og overflatebehandling, restaurering og vedlikehald av treskjerarprodukt. Det omfattar vidare vedlikehald av treskjerarjern og anna verktøy, utstyr og maskiner. Helse, miljø og tryggleik inngår i hovudområdet.

 

Produktdesign

Hovudområdet omfattar skisse- og detaljteikning, formgiving og materialval. Oppbygginga og eigenskapane til ulike trematerialar høyrer også med. Hovudområdet omfattar også stilhistorie, formspråk og forhold mellom komposisjon og proporsjonar. Vidare omfattar hovudområdet vurdering, kvalitetskontroll og kostnadsoverslag. Presentasjon, dokumentasjon og marknadsføring høyrer også med.

 

Grunnleggjande ferdigheiter

 

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I treskjerarfaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

 

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i treskjerarfaget inneber å bruke fagspråk i kommunikasjon med leverandørar, kundar, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar. Det inneber å kommunisere om teikningar, faglege framstillingar og annan dokumentasjon.

 

Å kunne lese i treskjerarfaget inneber å tolke bestillingar, førespurnader, manualar, skisser og arbeidsteikningar. Det inneber også å forstå og bruke rettleiingar og faglitteratur.

 

Å kunne rekne i treskjerarfaget inneber å rekne på material- og tidsbruk, areal og volum og å gi overslag over produksjonskostnader. Det inneber dessutan å lage teikningar i ulik målestokk. 

 

Å kunne bruke digitale verktøy i treskjerarfaget inneber å innhente og formidle informasjon. Det inneber også å bruke teknologi i eige arbeid og i presentasjon av eigen produksjon.

 


Kompetansemål

 

Etter Vg3

 

Produksjon

Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne

·         lage treskjerarprodukt i ulike storleikar med linjeføring, reinleik og kvalitet

·         velje og bruke eigna material, dele opp og lime saman emne

·         bruke og halde ved like snikkarmaskiner

·         bruke skjere- og klubbeteknikkar tilpassa ulike tresortar og ulike stilartar

·         bruke, slipe og vedlikehalde treskjerarjern på ein fagmessig måte

·         gjere greie for og vurdere ulike slipingar

·         utføre grunnleggjande skjereteknikkar

·         teikne og skjere ornament i barokk, rokokko og i ein annan stilart

·         skjere ornament i relieff med nedbotning

·         modellere kraftige akantusbarokkornament med gjennombrote mønster og bakskjering

·         restaurere og halde ved like gamle treskjerarprodukt

·         utvikle nye produkt og kopiere eksisterande modellar

·         bruke overflatebehandlingsmetodar tilpassa ulike gjenstandar og behov

·         rette seg etter gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik   

·         utføre ulike grunnleggjande samanføyingsteknikkar på ein fagmessig måte

 

Produktdesign

Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne

·         gjere greie for ulike stilartar i treskjerarfagets historie i Noreg og Europa

·         velje materialar av omsyn til praktiske, tradisjonelle og estetiske forhold og berekne materialbruken

·         lage frihandsteikningar med linjer, bladformer, skuggelegging og perspektiv

·         framstille fullstendige arbeidsteikningar

·         tilpasse ornamentikken til ulike produkt

·         gjere greie for naturlege rørsler i ornament

·         vurdere og kontrollere eige arbeid

·         kalkulere og setje prisar på eigne produkt  

·         presentere, dokumentere og marknadsføre ulike produkt    

 

Vurdering

Vg3 treskjerarfaget

 

Føresegner for sluttvurdering:

 

Hovudområde

Ordning

 

Produksjon

Produktdesign

 

 

Alle skal opp til sveineprøva, som normalt skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på 20 vyrkedagar. 

 

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.